Vil du lese meir om Rundefunnet og Akerendam
Klikk på bildet under

|
I 1972 fann tre sportsdykkarar eit heilt teppe av sølv- og gullmynter på
sandbotnen ved Kvalneset ytterst på fugleøya Runde.
Skatten var frå den nederlandske Aust - Indiafararen “Akrendam” som vart knust
mot klippene ved Rikejøtta natt til 8. Mars 1725.
Om bord var mellom anna 42 kanoner, 16 pengekister, bl.a. alle gulldukatane som vart laga i Utrecht i 1724.
Det ble funnet 56433 gull- og sølvmynter, som det skulle handles krydder og silke for i det fjerne Østen.
Dette er landets rikaste myntfunn til no. Mykje av skatten er enno ikkje komen til rettes og det blir ennå funne mynter på funnstedet.
Fra Runde går fleire historier om forlis og skattar på folkemunne.
Ei er om “Borgja”, også kalla “Costello Negro”.
Denne skuta var med i den spanske armada, flåten som kong Fillip den 2. sendte for å erobre England.
Dei kom ut for ein voldsom storm og “Borgja” forliste ved Raudetinden på Runde.
Skuta hadde med seg umåtelige rikdomar i form av gullbarar.
Lika av 7 katolske prestar som dreiv i land vart gravlagde på ein stad som enno heiter “Sjuprestgrava”.
Eit segn fortel også om ein stor skatt som er nedgraven på land og som eit tvillingpar skal finne.
|